Interessant sak i dagens Wired News om Sun Microsystems forslag om et system for digital rettighetsforvaltning (kopibeskyttelse for resten av oss) basert på åpen kildekode. Prosjektet heter DReaM, og selv om det naturligvis baserer seg på en håpløs drøm (dette navnet trygler om dårlige ordspill, okei?) om praktisk og sikker kopibeskyttelse, vil forbrukerne ha mye å vinne på det: DReaM-sertifisering av avspillere skal ivaretas av et uavhengig organ og ikke DRM-produsenter, retten til bruk skal knyttes til kjøperen og ikke til maskinvaren, lisensieringskostnadene blir minimale (dette er åpen kildekode, tross alt) og systemet skal kunne fungere på alle slags plattformer. Med andre ord kan DReaM gjøre slutt på bindingen av iTunes-sanger til iPod, det kan sette strek for Windows Media Players hegemoni, og for den saks skyld gjøre det mulig for offentlige bibliotek å levere beskyttet innhold med bedre teknologi enn den som ble brukt i Låtlån. Og nettopp derfor har DReaM en snøballs sjanse i helvete. Dessverre.
04/04/2006 at 15:53
Hei Eirik!
Her er nokre funderingar eg har om DReaM.
1)Ikkje så snøgt.
Det kan godt hende at marknaden kastar seg på DReaM, og Sun er røynde med nettverkseffektar og volum så dei kjem nok ikkje til å gi seg med det fyrste.
2) Når det gjeld vitskapeleg publisering så fungerar sjølve forskningskommunikasjonen fantastisk bra ved hjelp av “open access”.
3) Lærebøker burde vore frie og digitale til alle uansett for den økonomiske veksten sin del (sjølvsagt andre ting også, men økonomi er avgjerande i praksis). Dei som burde ha skrive lærebøker gjer det ofte ikkje, og dei som skriv dei burde ofte ha funne på noko anna, så dagens ordning fungerar nok ganske tilfeldig trur eg. Ein burde heller lage eit insentivsystem der ein registrerar kor mykje bøkene vert nytta som lærebøker, og så får det offentlege heller betale vederlag til forfattarane ettersom boka vert oppført på pensumlister eller liknande. Dagens system er direkte og indirekte subsidiert, så ein kan berre endre subsidiemodellen litt, same korleis berre elevar og studentar får det dei skal lese/høyre/sjå raskt og effektivt.
4) Når det gjeld frie kunstnerar som driv som private bedrifter så kanskje DReaM vore midt i blinken. Dersom DReaM slår an så kan jo forfattarane kose seg med den delen av royalitien som elles går til teknologileverandørar, pluss auka sal på grunn av tilgjengeleggjering. Ikkje utan grunn at visse teknologileverandørar tek bøter i milliardklassen og smiler etterpå. Her er det pengar/volum å hente som kan koma musikarar og kunstnarar til gode. Og apropos filtrering av godt og dårleg som plateselskap og forlag har gjordt, dette greier ein godt utan dei, ta ein titt på alskens rangeringar på internett. Når det gjeld produktdifferensiering så er det jo unekteleg litt lettare å konkurrere med vitskapelege tekstar som er standard-teoriar enn å skulle ta etter stilen til Bob Dylan liksom uansett stemmemaskin og synteziserar…
Så, ja, når det gjeld kunst/musikk/skjønlitteratur så kunne DReaM kanskje vore ein ide for å skaffe tilveges eit topp kulturtilbod ved at folk kan leve av kunsten sin.
5) For den økonomiske veksten og konkurransa med utlandet derimot så bør ein sørge for at DRM ikkje kjem inn i utdannings og forskningssektoren. Her gjeld det å utnytte ein betre initialsituasjon og springe så fort ein kan istadenfor å stoppe opp å prøve å hindre andre. For når Kina og India har fått opp dampen så nyttar det ikkje å prøve å stoppe dei. Dei er allereide godt i gang med prosessorutvikling til dømes.
6) Satsar ikkje i-landa på open access og anna ultra-effektiv forskningsformidling rimeleg kjapt så kan me miste forspranget me har på India og Kina raskare enn nokon hadde trudd. Om få år så har teknologien kome så langt at det nyttar ikkje med den gamle imperialisma lenger :-)DReaM kan vere akkurat det me treng for å gjere alle til lags.